Sandvik Camping

Pluscamp Sandvik er ein del av Gaupnetunet som driv hotell, hytteutleige, camping og sommarrestaurant.

Både Pluscamp Sandvik og Gaupnetunet ligg midt i Gaupne sentrum, i rolige omgjevnadar, og er gode utgangspunkt for aktivitetar og attraksjonar i nærområdet.

Pluscamp Sandvik er ein idyllisk familiecamping ved Sognefjorden. Campingplassen ligg midt i ein gamal frukthage, med utsikt til ein brearm av Jostedalsbreen frå plassen.

Pluscamp Sandvik og Gaupnetunet ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og her er det moglegheiter for å bli med på gaida breturar, kajakkturar, rafting og andre organiserte aktivitetar. I fjella rundt oss finst ei mengd godt merka fjellturar ein kan gå på eiga hand, mange av dei har fantastisk utsikt. I resepsjonen er me behjelpelege med informasjon om aktivitetane, og bestilling på forskjellige turar.

Klimaet ved Sognefjorden er unikt. Våren med fruktblomstring ved fjorden og snø på fjelltoppane. Sommaren er sjølvsagt den mest hektiske tida med mykje aktivitet alle plassar. Hausten kan ta pusten frå alle og ein kvar med alle sine fantastiske haustfargar, dette er også tida for å kjøpe lokal fersk frukt. Vinteren er ei roleg tid, så for deg som likar vinteraktivitetar på ikkje alt for overfylte plassar, så er me på Pluscamp Sandvik og Gaupnetunet eit godt utgangspunkt.

Overnatting

Utforsk i nærområdet

Kontaktopplysninger
Campingkart
Plassering
Facebook