Groven Camping & Hyttegrend

Våre Pluskvalitetar

Vector eventyrhotell

Historisk hyttetun

sykkelløype

Sykkelløype

Matservering

Matservering

badeplass

Badeplass

person på tur

Gode turmoglegheiter

Velkomen til Groven Camping og Hyttegrend i vakre Vinje

I skjerma skogsterreng, berre 250 meter frå Åmot sentrum og E134, ligg Groven Camping og Hyttegrend – ein tradisjonsrik og familievenleg campingplass midt i fjell-Telemark. Her kan du senka skuldrane og nyta rolege dagar med bading i badedam, fiske, sykling og flotte vandreturar rett frå campingplassen. Blant dei mest populære stiane finn du Fløtarvegen og Ormetjønn – perfekte turar for heile familien.

Groven tilbyr overnatting i 20 hytter fordelt på to ulike standardar, 32 tilrettelagde bubilplassar med plen og straum, og om lag 50 plassar for campingvogner og telt. Campingområdet er bygd i naturleg terreng med fleire nivå, som gjev ei lun og skjerma atmosfære. Moderne sanitæranlegg og eiga tømmestasjon finn du på plass, og i sommarsesongen får du enkel servering og lokale smakar i kiosken – her finn du òg turistinformasjonen for området.

Hjartet på plassen er det historiske hyttetunet med småhytter bygd av gamle husmannsbygg frå lokalmiljøet. Her kan du overnatte i stabbur, låve, eldhus eller på Loftet – ei tømmerbygning med lafta treverk frå 1300-talet og truleg ei av dei aller eldste campinghyttene i Noreg. Berre fem minutt unna ligg Åmot sentrum, med kafé, gatekjøken, butikkar og triveleg småbysjarm. Groven har teke imot gjestar sidan 1965, og vert i dag driven med stort engasjement og med fokus på gjestane våre. Her står trivsel, natur og gode opplevingar i sentrum.

Utforsk våre overnattingsmoglegheiter

Aktivitetar på plassen

Oversiktskart

 

Goven Camping & Hyttegrend - Plasskart

 

Alle fasilitetar

Fasiliteter
  • Privat strandområde
  • Rom med røykeforbud
  • Baggasjeoppbevaring
  • Bar
  • Restaurant
  • Vaskeri
  • Utpumping av avfallsvann
  • Kabel / Satelitt-TV
  • Tillatt med hund
  • Hjertestarter
  • Barnevennlig
  • Handikapparkering
  • Fiske
  • Grill
  • Bordtennis
  • Bibliotek
  • Skikjøring
  • Lekeplass
  • Fottur
  • Sykling
  • Båtleie
  • Turstier
  • Langrennsløyper
  • Gratis
  • Wi-Fi Internett i rom
  • Sentrum
  • Fjell
  • Landsbygda
  • Ovn
  • Mikrobølgeovn
  • Oppvaskmaskin
  • Kiosk
  • Kafé

Oepplevingar i nærleiken 

Besøk Groven Camping & Hyttegrend på: