Sesonggjester
Vi har 70 sesongplasser for caravan.
Ein kan setje opp fortelt i stoff og bygge platting. Vintertelt i stoff er også greit.
Alle plassane har tilkobling til 1 stk 16 a kurs for el. Tilkobling til kabel TV. Det er uttak for vatn nær alle plassane, samt at ein kan koble til avløp for gråvatnet.
Her er 2 sanitærhus med dusj og wc samt tømmestasjon for toalettkassettar. I det største sanitærhuset er det også sauna, kjøkken, vaskemaskin og tørketrommel.
Leikeplass, trampoliner, sandvollyballbane, bordtennis, billiard, tursti til fjell og bre, grillbu og badeplass ved vatnet til fri benyttelse for våre sesonggjester.
Vi har også utleige av båtar og kanoar. Kiosk og kafe som er åpen i sommarsesongen.
Ein sesongplass vert fakturert i mai, sesongen startar til påske og vert avslutta etter haustferien. Ein sesongplass kan ikkje bookast online, ta kontakt med John Roger. Vi har som regel ventelister frå år til år.