Nyoppussa dobbeltrom med TV, sittegruppe og eige bad.

Kontakt oss
Velkommen til Pluscamp Sandvik Camping
Pluscamp Sandvik er ein del av Gaupnetunet som driv hotell, hytteutleige, camping og sommarrestaurant.
Både Pluscamp Sandvik og Gaupnetunet ligg midt i Gaupne sentrum, i rolige omgjevnadar, og er gode utgangspunkt for aktivitetar og attraksjonar i nærområdet.
Pluscamp Sandvik er ein idyllisk familiecamping ved Sognefjorden. Campingplassen ligg midt i ein gamal frukthage, med utsikt til ein brearm av Jostedalsbreen frå plassen.
Pluscamp Sandvik og Gaupnetunet ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og her er det moglegheiter for å bli med på gaida breturar, kajakkturar, rafting og andre organiserte aktivitetar. I fjella rundt oss finst ei mengd godt merka fjellturar ein kan gå på eiga hand, mange av dei har fantastisk utsikt. I resepsjonen er me behjelpelege med informasjon om aktivitetane, og bestilling på forskjellige turar.
Klimaet ved Sognefjorden er unikt. Våren med fruktblomstring ved fjorden og snø på fjelltoppane. Sommaren er sjølvsagt den mest hektiske tida med mykje aktivitet alle plassar. Hausten kan ta pusten frå alle og ein kvar med alle sine fantastiske haustfargar, dette er også tida for å kjøpe lokal fersk frukt. Vinteren er ei roleg tid, så for deg som likar vinteraktivitetar på ikkje alt for overfylte plassar, så er me på Pluscamp Sandvik og Gaupnetunet eit godt utgangspunkt.
Åpningstider
Ope heile året.
Betjent resepsjon:
Juni-aug.: kl. 07:00-23:00
Sep.-mai: kl. 08:00-22:00
Sommarrestaurant:
1.juni - 31.aug: kl. 13:00-22:00
Overnatting
Dobbeltrom superior |
EnkeltromNyoppussa enkeltrom med TV, sofa og eige bad. |
FamilieromRom med 2-4 soveplassar. |
Dobbeltrom, standardRom med to enkeltsenger. |
Hytter AEittroms campinghytte for 2 personar. |
Hytter BTo-roms campinghytter for 4-5 personer. |
Hytter CHøgstandardhytte for 2-4 personar. |
Hytter DHøgstandardhytter med 2 soverom. |
CampingCampingplassen i nydelege omgjevnadar inst i Sognefjorden |
SkipakkeSkipakken inkludert overnatting i hytte med dusj og toalett. |
Opplev hos oss
Nigardsbreen
Opplev den sterke blåfargen i bresprekkene og formasjonene i brelandskapet på Nigardsbreen.