Via Ferrata Loen

PlusCamp Sande >

Klikk: 770
Opprettet av:     steffen
Dato: 27.10.15
Publisert: 27.10.15
Oppdatert: 28.08.17
Utgår:
Camping:
Pris:
Kategori: Sande
Home

Via Ferrata Loen er ein fenomenalt flott opptur frå fjord til fjell!

Via Ferrata Loen er ein klatresti som startar i Loen i Stryn kommune, og endar på fjellet Hoven (1011 moh.). På toppen har du spektakulær utsikt til bl.a. Lodalen, Oldedalen, Loen og Skåla. 

Foto: Fjord Norway/Sverre Hjørnevik

Start på nivå med Nordfjorden, på skogsveg og sti opptil 440 moh, deretter via ferrata opp til 900 moh og over Gjølmunnebrua på 750 moh. Via ferrata vanskeligheitsgrad frå A til D, alternativt E nedanfor brua. Ein kan òg velje å gå over wirebrua, Gjølmunnestrengen, som er 36 m lang, på veg oppover Tunga på veg mot Hoven. Frå 900 moh er det vanleg sti til Hoven som ligg på 1011 moh.

Retur frå Hoven til Loen med pendelbane Loen Skylift eller langs anleggsveg til Oppheim (280 moh).
Via Ferrata Loen er ein krevjande tur på normalt 6-7 timar.

Anbefalt minimums aldersgrense er 12 år.

Sesong: ca. 1. mai til 1. november (avhengig av at det er snøfritt).

Foto: Fjord Norway/Ernst Riha

For meir informasjon sjå www.loenactive.no

For overnatting; sjå Sande Camping


PlusCamp Sande >
VisBook